OM MEG

Kven er eg?

Eg er Mariell Øyre! Fotograf + gründer frå Sogn. Eg elskar sylteagurk, Chet Baker og italiensk popmusikk, og i tillegg til å vera bryllupsfotograf, så eig og driv eg eit bakeri i Lærdal, @fredagfretland.

Men du er her mest sannsynlig for å sjå på bryllupsbilder? Å finna ein god match? La meg presentere meg sjølv!

I år har eg jobba med bryllaup i 13 år, og eg har mista telling på kor mange eg har gjort (berre at det er tresifra). Eg er bryllupsfotografen som alltid kjem utstyrt med paracet, sikkerhetsnåler og matt pudder i veska. Eg elskar å vera ein del av eit team, og målet: å gi dykk ein nydeleg bryllupsdag.

Eg har jobba som bryllupsfotograf i 13 år i år, og det er mi største glede som fotograf. Det er ingenting finare for meg enn å sjå to personar gifta seg med kvarandre. Ein eksplosjon av kjensler etter månadsvis, årevis, med planlegging og nervøsitet. Å få vera ein del av det føles som den aller største gåva, og det er der eg tar mine beste bilder. I dei lommene med intimitet, med tårene, med smila, med VONDT I FJESET fordi ein er så glad. 

Eg bur i Lærdal i Sogn med min fine mann og mine to krøllehåra døtre. Eg er ledig for bookingar over heile landet og i utlandet. 

 

Sånt som eg driv med, utanom bryllupsfotos:


Skriv bøker! Mi første barnebok, Bestefar & Miri kom ut i mai 2022.

Driv bakeri! Saman med mannen min, driv eg bakeriet Fredag & Fretland her i Lærdal.

Lagar nettsider! Akkurat som denne.

Drikk cappuccinos. Sånn meir generelt.