Kva lurer du på?

Her får du svar. Og hvis du lurer på noko anna, send meg ein epost på mariell@heifredag.no!

Korleis jobbar du?

Eg fotograferer med ein analog, varm og dokumentarisk stil, og fokus på dei store kjenslene, det magiske lyset og dei små detaljane. Det er alltid mitt mål å skli inn i tapetet og la dagen berre skje, medan brudeparet kan slappa av og gløyma at dei eingong blir fotograferte. Ofte seier brudepar at dei gløymte at eg var der, og det er det største komplimentet eg kan få. Når de ser gjennom bildene ein månad, eit år, eit halvt liv seinare, vil eg at de skal hugsa ikkje berre korleis dagen såg ut, men korleis det kjentes. Det er viktig for meg å fanga det minste vesle blikk, eit nervøst smil eller tårer i augekroken, nervøsiteten og den eksplosive kjærleiken.

Men kva om me hatar å bli fotograferte?

Ingen veit så godt som meg kor nervøs ein kan bli av å bli fotografert. Berre tanken gav meg sveittetokter før mitt eige bryllup. Eg veit så himla godt kor mange sterke kjensler som er i sving på ein sånn dag. Men med ein avslappa og effektiv fotograf, som har innsikt i historia di og forståelse for situasjonen er det lettare å sleppa ned skuldrene og vera seg sjølv. Og det er da ein får gode bilder! Eg er ikkje fotografen som ber deg om å flytta haka to centimeter til venstre, eg er fotografen som berre lar deg klina med personen du nettopp har sagt ja til, eller nyta eit par minutt med stille før ein travel bryllupsdag får komma skikkeleg i gang. Så lenge de har det gøy, blir bildene fine!

Kva kostar det?

Eg har tre forskjellige pakkar. Ei portrettpakke, ein halvdagspakke og ein heildagspakke. Eg anbefalar alltid å gå for fleire timar. Da har eg god nok tid til å bli ordentlig kjent med dykk og dei fine folka de har rundt dykk, og da blir resultatet alltid best. All relevant informasjon finst i ein fin liten PDF som eg sender ut til alle som fyller ut dette skjemaet. Å booka ein fotograf til bryllaupet er ein stor investering. Det veit eg så innmari godt. Men bildene er det som lever lengst etter bryllaupet.

Kva får me i pakkane?

Viktigast av alt får de ei stødig hånd på rattet gjennom heile dagen, ein fotograf som er open for innspel men trygg i rolla, og ein partner in crime. Eg kjem klar for å hjelpa til på alle måtar der eg kan, og de anar ikkje kor ofte eg finn meg sjølv med ein glidelås eller eit underskjørt i hendene. Eg passar på at bruda har noko reint å sitta på i bilen og at alle får i seg nok vatn. For ikkje å snakka om å vera med i forkant, å hjelpa til med utfordringar eller diskutera idéar som brudeparet måtte ha. Det er så fantastisk å få vera med i teamet, og å få dela erfaringar og minner med alle herlege brudepar. Så får de sjølvsagt digitale filer, antalet kjem an på pakka.

Men kva om me bur langt unna?

Eg tek på meg bryllaup i heile det lange land og forbi, men sjølvsagt kan det da komma til reise- og overnattingskostnader. Eg er alltid forsiktig med utgifter, og er veldig open for å finna gode løysingar saman med dykk.

Me vil bli litt bedre kjent med deg før vår store dag!

Oi, for eit kompliment (hehe)! For folk som har booka heildagspakke inngår det (så langt det lar seg gjera) ein konsultasjon anten in person eller via Facetime. Men om de er riktig lure så bookar de samtidig inn ein forlovelsesfotografering! For kven vil vel ikkje ha fleire bilder av seg sjølv der ein kliner med kjæresten i magisk lys?

Kan me få analoge bilder i tillegg til digitale?

SJØLVSAGT. Eg elskar å ta med Hasselblad-kameraet mitt ut på bryllaup, så lenge det er forbeholdt portrettseansen. Det tek litt meir tid med eit analogt kamera, så ein må legga på litt når ein lagar planen for dagen, men der snakkar me verkeleg magi. Det tilkjem då ein ekstra kostnad for film og framkalling.

Kjem bildene våre til å havna på internett?

Yes. Anten på instagram eller her på heimesida, oftast begge deler. Deling av porteføljebilder i sosiale media er mest sannsynleg grunnen til at de fann ut om meg, det er min sterkaste marknadsføringskanal og ein viktig motivasjon for meg til å gjera jobben. Det er det som gjer at porteføljen min er levande og stor. Eg vil alltid at brudepar skal seie ifrå om det er enkeltbilder dei ikkje vil at eg deler vidare, og eg vil sjølvsagt alltid visa fram mine kundar i det beste lyset! Men eg tek ikkje på meg bryllup der ingen av bildene får delast.

Kva gjer me om me vil booka deg?

De fyller ut dette skjemaet! Og eg elskar å få mykje informasjon, så skriv gjerne litt om korleis de møtte kvarandre, korleis kvardagen er. Kven lagar maten, kven er god til å dansa? Korleis pregar personligheitene dykkar bryllaupet de skal ha? Og gjerne litt om kva typer bilder de ønskar. Det er viktig for meg at det er ein bra match, og da er det fint å ha litt info å gå på så både de og eg kan vera heilt trygge i at eg er rett fotograf for dykkar bryllaup.