Prisar & Booking

Prisguide

MINE PAKKAR

Alle mine pakkar er inkludert digitale filer. Eg sender dykk alle digitale filer som er fine, og held ikkje tilbake! Fyll ut bookingskjemaet nederst her 💓


1

Mini 45-60 minutt

PRIS: 6000

(inkl mva)

 

Eg kjem heim til dykk (eller me møtest ein plass ute om de ynskjer det), me leikar oss fram til fine bilder og har ei fin stund saman. Ofte tek det ei god stund før ungane er varme i trøya, men det tek me oss tid til (også er er kjapp som ein leopard med kameraet når dei er varme!).


2

Chill 1,5-2 timar

PRIS: 9000

(inkl mva)

Me tek oss litt betre tid, ingen stress. Me kan bytte klede, gå ein tur, ha ein liten piknik, utforske i skogen eller kanskje bake litt? Eg hjelper dykk å skape situasjonar der fine bilder får skje av seg sjølv.


3

Storfamilie/vennegruppe

3-4 timar

PRIS: 15.000

(inkl mva)

Anten ein storfamilie med sine ulike komponentar, eller ein vennegjeng som går saman. Eg tek bilder når de sit til bords og kosar dykk, og portrett av kvar enkelt gruppe (kjernefamiliar, foreldre med sine vaksne barn, alle barnebarn, alle par kvar for seg, osv.)

Booking

Vil du booka meg til å foreviga familien din og barndommen til ungane dine? Eg er SÅ med på det ❤️